Treffet – ein Tinderopera

Vi framfører eit utdrag frå Treffet – ein Tinderopera av Jostein Avdem Fretland. Operaen var ferdigskriven i 2020 og urframført i Lærdal i februar 2022.  Treffet er den fyrste ei samling «novelleoperaer» som heiter Av kjøt og sorg.  I denne komiske introduksjonen møter vi Kristine og Tomas som er på sin fyrste date. Kunstig høge forventingar og i overkant store personglegheiter skapar god grobunn for fleire konflikter på kort tid, til glede for tilhøyrarane som kanskje også vil kunne kjenne seg att i stemninga og situasjonen med å møte nokon for fyrste gong.Forestillinga varer i ca 45 min.  

I rollene
Kristine: Nora Oleanne Sårheim
Tomas:  Eivind Kandal
Ved klaveret: Andreas Løken Taklo
Tekst og musikk av Jostein Avdem Fretland


Jostein Avdem Fretland (f. 1990) er komponist og diktar frå Lærdal i Sogn. Han har ein brei, tverrdisiplinær scenekunstproduksjon, som inkluderer ny opera, musikkteater, musikk til dans og teater og operalibretti. Fretland har master i studiokomposisjon frå Goldsmiths, UoL, og hans novelleopera Treffet har premiere våren 2022.


Nora Oleanne Sårheim (sopran) har sine mastergrader ifrå Griegakademiet –institutt for musikk ved UiB, og Operahøgskolen ved Kunsthøgskolen i Oslo.  I Oslo har ho vore å sjå som Donna Anna i ”Don Giovanni” og Contessa i «Le Nozze di Figaro» på, så vel som Fiordiligi i «Cosi fan tutte» under Oslo Operafestival. Nora Oleanne var initiativtakar til OperaKysten i Florø, og har vore kunstnarleg leiar der sidan den fyrste produksjonen dei gjorde i 2015.  Hausten 2018 stifta Nora Oleanne OratorieSolistene og er sopransolist og kunstnarleg ansvarleg for den kyrkjemusikalske gruppa.  I 2022 vil Nora Oleanne mellom anna vere å sjå både som Kristine i den nyskrivne operaen «Treffet» og som Flora i La Traviata på Opera Nordfjord.


Eivind Kandal (tenor) kjem frå den vesle bygda Kandal i Nordfjord. I 2012 debuterte han som operasongar i rolla som Nicolo i operaen «Querini» på øya Røst i Lofoten, og i 2015 fekk han sin debut på Det Kongelige Teater i København som Gastone i «La Traviata». Sesongen 17/18 var han solistpraktikant ved Den Norske Opera & Ballett. Hausten 2017 debuterte han på Opera Nordfjord som Håkon i framsyninga «Sildagapet». Eivind har eit breitt repertoar, mellom anna roller som Peter Quint i «The Turn of the Screw», Male Chorus i «The Rape of Lucretia», og Ferrando i «Cosi fan tutte». Han vore solist i ei lang rekkje kyrkjemusikalske verk og samtidsverk, både internasjonalt og heime i Noreg. Eivind og sambuaren Torstein Kollevåg driv kulturgarden Sølvane Gard i Kandal.


Andreas Løken Taklo er ein ettertrakta musikar, både som solist, kammermusikar, akkompagnatør og repetitør. Han har hatt solistoppdrag med orkester i Italia og solokonsertar i Frankrike, Tyskland og Russland. 17. mai i 2016 var Andreas solist i Grieg sin klaverkonsert med Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda. 

I 2017 starta Andreas å fordjupe seg i Johannes Haarklou sin musikk. Under Gloppen musikkfest same år var Andreas solist med andre sats frå Haarklou sin klaverkonsert med ein sinfonietta frå Kringkastingsorkesteret. I november 2017 arrangerte Andreas den aller fyrste Haarkloufestivalen, ein festival dedikert til Johannes Haarklou sin musikk.

Andreas har ein master i utøvande musikk frå Barratt Due musikkinstitutt i Oslo, og fullfører for tida operarepetitørstudiet ved Noregs musikkhøgskule. Han har vore fast repetitør for Opera Nordfjord sidan 2017. Han blir jamleg leigd inn som akkompagnatør/repetitør ved Den norske opera og ballett, Barratt Due musikkinstitutt og Noregs musikkhøgskule.


E-post: oleanne@gmail.com
Telefon: +47 97623296