Storm Duo består av to drivande, allsidige akkordeonistar: Kristina Farstad Bjørdal fra Tennfjord utanfor Ålesund i Norge, og Asta Soffia Thorgeirsdottir fra Húsavík på Nord-Island. Dei er klassisk utdanna fra NMH, DKDM og die Musikhochschule Freiburg, i tillegg til å være oppvaksne omgitt av trekkspel- og dansemusikktradisjonen på sine heimplasser.
Storm Duo spelar mykje forskjellig musikk. Frå ny musikk, barokkmusikk, romantisk musikk, russisk trekkspelmusikk, underhaldningsmusikk, tangoar og islandsk og norsk folkemusikk.
Dei er på jevnlege turnear i Noreg og på Island, i tillegg til at dei opptrer på festivalar og konserterar året rundt. Storm Duo har vore gjest i NRK Radio og radioprogrammet Víðsjá på Rás1 (Den Islandske Rikskringkastinga).
Med bredt sitt breie repertoire kan Storm Duo skreddersy det musikalse programmet sitt, noko som gir moglegheita til å velge musikk som passar til ei rekkje anledningar.
Tidligere kommentarar frå publikum:
«Det er som gnistene fyker i samspelet!» og «Kristina er akkordeonets svar på Brahms, medan Asta er Wagner. Dykk har ein individuell stil med sjel, som også fungerer utruleg godt saman!»
Kristina Farstad Bjørdal
Kristina Farstad Bjørdal (f. 1990) byrja å spele trekkspel som 5 åring, inspirert av sin far som spelte same instrument. Ho studerte akkordeon på Noregs Musikkhøgskule og Det Kongelege Danske Musikkonservatorium, der ho har sin master i Akkordeon frå. Ho har ein rekkje gull frå NM i Trekkspel i mange klasser, blant anna solist f.o.m 18 år, duett f.o.m 15 år, gammaldansgrupper, underhaldningsmusikk, open klasse, orkestermusikk osb. Ho mottok i 2021 “Bolstad Prisen” for sitt arbeid for tradisjonsmusikken på trekkspel. Ho har spelt på festivalar og konsertar over heile Noreg, Sverige, Danmark, Storbrittannia, Island, Tyskland, Sveits og Kroatia.
Kristina er ein allsidig og ettertrakta musikar med kompetanse innan mange sjangrar. Ho er utdanna innan klassisk og samtidsmusikk, og spelar i tillegg mykje folkemusikk, underhaldningsmusikk, dansemusikk, improvisasjon, og blir mykje brukt innan komping av fiolinistar og songarar m.m.
Ásta Soffía Þorgeirsdóttir
Ásta Soffía Þorgeirsdóttir (f.1995) hadde tidlig som mål å bruke akkordeonets rike lydlandskap ved å arrangere og spille ulike typer musikk. Ásta Soffía er kjent for si allsidigheit instrumentet. Ho har eit breitt repertoar som spenner seg frå dansemusikk, jazz, folkemusikk, fri improvisasjon, over til samtidsmusikk og klassisk musikk. Ho har opptrådt på ulike konserter og festivaler på Island, Norge, Danmark, Færøyane og Tyskland. Ho har sin bachelor frå Noregs Musikkhøgskule, og mastergrad frå die Musikhochschule Freiburg.
Ho har vort så heldig å ha fantastiske lærarar gjennom studietida, blant andre Frode Haltli og Teodoro Anzellotti som er blant vår tids mest suksessrike akkordeonistar. Også saksofonisten Rolf-Erik Nystrøm og kontrabassisten Håkon Thelin som er kjent for sine fantastiske framføringar av samtidsmusikk og fri improvisasjon.
Om programmet
Storm Duo likar å ha eit gjennomtenkt samanhengande program og som viser breidda til instrumentet. Repertoaret har vorte sett sammen av musikk duoen elskar å spele. Programmet startar med Holbergsuita som vart skrive i barokkstil med Storm Duo sin karismatiske og særeigne interpretasjon med innslag av folkemusikk, og på den måten blir det laga ei bru over til konsertens barokkdel. Det er jo veldig artig å seie at ein skal gå “Frå Holberg til Goldberg”, der Asta framfører Goldberg Variasjon No.I. I duoen er forkjørleiken stor for Rameau som komponist, og det framførast repertoar frå hans operaer, der han var ein gründer. Spesielt orkestersatsane frå desse operaene er godt eigna for akkordeon, der andedraga og dynamikken i musikken skin fint gjennom. Det fine med desse satsane er at det er programmusikk, og kan formidlast med eigen karakter og skape bilete i hovudet til publikum. Det er fint å bruke denne programmusikken som overgong til Griegs Morgenstemning, som også er eit særs illustrerande verk. Grieg komponerte ofte inspirert av folkemusikk, noko Ronny Kjøsen også har gjort i “Northsea Stories”. Ronny har her tatt utgongspunkt i kvinneskjebner og folkemusikk frå landa rundt Nordsjøen, og Storm Duo føler seg heime i formodlinga av satsane “Mor” som skildrar mødrene som venta heime når fedrene, sonane og mennene skulle på sjøfart, “Med draumar dei same som dine” skildrar
Raia frå Rotterdam, og “Ein einaste rein tone” som er basert på polka frå Sønderhoning og korleis festane var der. Øystein Hauge har laga illustrerande tekstar til satsane, som framførast. Festsatsen frå Sønderhoning leiar publikum over i ein annan type fest og lidenskapsmusikk, nemlig tango. “Hommage a paco” er ein hyllest til Astor Piazzolla skrive i samtidsstil av Franck Angelis. For å sette eit utropsteikn ved det heile, framfører Storm duo tangoen “Escualo” av Astor Piazzolla som avslutningsnummer.
Besetning
Kristina Farstad Bjørdal
Ásta Soffía Þorgeirsdóttir
Konsertprogram
Edvard GriegFrom Holbergs Time, op. 40I. Preludium
II. Sarabande
III. Gavotte
IV. Air
V. Rigaudon
Johann Sebastian BachGoldberg Variation No. I
Jean-Philippe RameauEntrée de Polymnie - Les Boréades act IV
Jean-Philippe RameauLes Sauvages
Edvard GriegMorgenstemning, fra Peer Gynt-suite nr. 1, op. 46
Ronny Kjøsen, tekst av Øystein HaugeNorthsea StoriesI. Mor
V. Med draumar dei same som dine
VII. Ein einaste rein tone
Franck AngelisHommage a Paco
Astor PiazzollaEscualo
Showcase
Edvard GriegFrom Holbergs Time, op. 40I. Preludium
II. Sarabande
V. Rigaudon