Klostertrio

Klostertrio vart etablert i 2019. Gruppa har sin tilhaldsstad på Halsnøy Kloster, men turnerer også rundt på vestlandet.

Trioen sitt særlege kjenneteikn er karakteristiske arrangement for besetninga. Dei framfører like gjerne musikk frå det klassiske som det folkelege repertoaret. Særleg med fokus på det vestnorske – men dei låner gjerne også repertoar frå den europeiske songskatten!  

Solveig Sørheim er busett i Etne. Ho kombinerer yrket som kyrkjemusikar med både å vera aktivt utøvande trø-organist og komponist. Hennar musikalske stil femnar både det folkelege, det folkemusikalske og det eksperimentelle. 

Tore Kloster er tenor som har tilhaldsstad i Bergen. Han har spesialisert seg i song- og romanse-repertoaret, men er også ein mykje brukt oratoriesolist. 

Irene Simonsen er pianist frå Stord. Ho er ein erfaren akkompagnatør og repetitør, med stor sjangerbreidd og stilforståelse. Med særleg spesialfelt innan norsk klaver og romanse-repertoar. 


Epost: klostertrio@gmail.com